Aktivitetar


Campingplassen er eit svært godt utgangspunkt for både korte og lengre turar, til fots eller med bil. Fotturar i nærområdet er ei fin oppleving, men innertiaren vår er ”Molden” Kåra til ein av dei 10 flottaste turane i landet av norges største riksdekkande avis. Etter 20 min m bil, 3 timar tur/retur, har du opplevd noko av det mektigaste området kan by på. Fotturar i terreng på småvegar, langs fjorden, til fjells, til toppar, til stølar…..mangfaldet er enormt. På lengre, meir krevande turar kan me anbefale lokale guideselskap med erfarne tindevegleiarar.

Breturane på Jostedalsbreen er også svært populære. Om du ikkje vel å gå på sjølve breen med guide, kan vi vise deg andre adkomstvegar til ulike brearmar. I det flate landskapet er dei oftast lett tilgjengelege.

Guida aktivitetar

Brevandring : Guida turar på ulike brearmar av Jostedalsbreen, med ulik vanskegrad. "Jostedalen breførarlag” ”Leirdalen Bre og Juv”  Brevandring og kajakk på brevatn : Turar med eller utan overnatting ”Ice Troll”  Kajakk på Sognefjorden : Ei flott oppleving for heile familien. ”Fjord Seal” Juving i breelvar : I elvar og fossefall, med fullt utstyr under trygge forhold. ”Leirdalen Bre og Juv”  Rafting i Jostedøla : Gjennom spektakulært fjellandskap. Alt frå familieturar til riverboarding ”Ice Troll”  Fjordrafting : Opplev veglause gardar og dramatisk fjordlandskap som Finnafjorden og FinnabotnCruise ”Charter cruise"  Riding : Sjå vestlandet frå hesteryggen i lag med Agna på ”Hollekve Ranch”

Andre aktivitetar

Sykkel : I terrenget , langs vegar, -gjerne kombinert med ein fottur.
Fiske : Gratis i fjorden, symbolsk avgift i vatn og elvar
Klatring : Utandørs tilrettelagt område 5 km frå campingplassen, innandørs i nordeuropas flottaste klatrevegg.
Båttur : Fjorden og vatna er tilgjengelege for alle, sjøsett eigen båt eller ta turen med ein kommersiell aktør.
Bading : Utandørs og innandørs, max temp i fjorden om sommaren rundt 22 grader.
Innandørs leikeland : 300 kvm kombinert med innandørs symjebasseng.
Gardsbesøk : Dyrerik ranch i Sogndalsdalen. Stølsbesøk : Mjølk ei geit og kok osten der Margrete Munthes fant inspirasjon til ”Å jeg vet en seter”
Skianlegg: Langrenn/Alpint/Fjellturar/Laussnøkjøring. 2 anlegg i nærområdet. Sogndal Skisenter og Sogn Skisenter, profilert gjennom ”Skisogn”

Eit godt utgangspunkt


Campingplassen er eit svært godt utgangspunkt for både korte og lengre turar, til fots eller med bil. -Fotturar i nærområdet er ei fin oppleving, men innertiaren vår er ”Molden” Kåra til ein av dei 10 flottaste turane i landet av norges største riksdekkande avis