Kjørnes Camping
  Utgangspunkt
  Hytter
  Aktivitetar
  Attraksjonar
  Bildegalleri
  Kart
  Prisar
  Linkar
  Kontakt oss






        
 

Aktivitetar

Tur
Om du ynskjer å oppleve noko anna enn dei kjende turistattraksjonane, kan du finne alternativ her i nærområdet. Kjørnes Camping er eit ypparleg utgangspunkt for turar i idyllisk vestlandsnatur. Her finst ei rad merka turløyper, og vi hjelper deg gjerne med å planleggje din fottur/sykkeltur.

Bading
Med over1 km. strandlinje kan du oppsøke felles badeliv ved fjorden, - eller du kan finne "din private" bukt med eigne svaberg.

Fiske
Her er rikeleg høve til å fiske i fjorden, og du kan kaste med stong frå svaberga. Du kan sjøsetja din eigen båt, eller vi kan formidle båtutleige. Sogndalselva og fjellvatn i Sogndalsdalen byr på godt ferskvannsfiske.

Fjordrafting
Opplev ekstrem fart og spenning på Sognefjorden. Me tek på flytekjele-dress og går ombord i open båt. For meir informasjon, kontakt slintran@online.no

 
 
 
In het Nederlands Auf Deutsch In English På norsk