Kjørnes Camping og Fjordhytter


Kjørnes Camping og Fjordhytter vart i 2014 kåra til Norges beste campingplass av Norsk Bobil og Caravanklubb. Med si lokalisering midt i Fjord Norge, er Kjørnes Camping og Fjordhytter eit svært sentralt utgangspunkt for aktivitetar og opplevingar ved Sognefjorden. I løpet av ein time kjem du til dei mest kjende attraksjonane som Nærøyfjorden, Flåmsbana, Urnes stavkyrkje, Sognefjellsvegen, Jostedalsbreen- Jotunheimen- og Breheimen- nasjonalparkar.

Fjordområda er kåra til verdas beste reisemål av National Geographic. Nærøyfjorden og Urnes stavkyrkje står på Unesco si verdsarvliste.

God plass til liten og stor


Vi kan tilby 14 hytter, 2 leilegheiter, 100 plassar for bubilar, campingvogner og telt – alle med straumuttak. 5* servicebygg inneheld sanitærrom, vaskerom og kjøken. Plassen ligg på eit nes tett ved Sognefjorden, i rolege og vakre omgjevnader. Gode turmoglegheiter i nærområdet. Kveldssol.