Attraksjonar


Sjølve indrefileten av dei nasjonale attraksjonane finn du i nærområdet vårt.

Det var ikkje tilfeldig at fleire nasjonale og internasjonalt kjende kunstnarar valfarta hit i førre århundre:  J.C Dahl, Flintoe, Fearnley m fl - her fann dei næring til kunsten dei skapte.

Nasjonalgalleriet i Oslo har utstilt fleire eksempler på denne produksjonen.

Kjørnes Camping og Fjordhytter ligg ved den gamle hovudvegen mellom aust og vest.  Eit naturskjønt område, populært som rekreasjons- og turområde for lokale innbyggjarar og for gjestene våre.

Garden Kjørnes, gnr 1 bnr 1 i Sogndal, har husa opptil fleire embetsmenn gjennom 1700 og 1800 talet.  Mest kjend er nok det freda hovudhuset på garden, bygd i 1736. Dette var fødestaden tilHans Paludan Smith Schreuder, første misjonær i Zululand.

Om du vel rekreasjon her ved Sognefjorden, -eller vil ta aktivt del i mangfaldet rundt oss, kan du i løpet av ein times køyring oppleve:

  • Sognefjorden: 204 km lang, 1300 meter djup, omkransa av opptil 1700 m høge fjell. Kåra til verdas beste reisemål av National Geographic.
  • Nærøyfjorden: Ein arm av hovudfjorden. Smal, vill og dramatisk. På Unesco si verdsarvliste.
  • Daglege fergeruter mellom Kaupanger og Gudvangen tek deg med til eit elles utilgjengeleg landskap.
  • Flåmsbana: Ei spektakulær togreise gjennom 20 km og 900 høgdemeter.
  • Urnes Stavkyrkje: Den eldste i landet. På Unesco si verdsarvliste. I tillegg finn du Borgund, Kaupanger og Hopperstad stavkyrkjer i området.
  • Jostedalsbreen : Den største breen på fastlandseuropa.
  • Breheimsenteret : I Jostedalen ved foten av Nigardsbreen, med historisk dokumentasjon av livet på og rundt breen.
  • Norsk Bremuseum : I Fjærland. 180* panoramafilm om breen. Vitskapeleg utstilling.
  • Sognefjellsvegen : Den høgaste og vakraste nasjonale turistvegen, frå 0 til 1400 meter på 15 minutt
  • Jostedalsbreen-, Jotunheimen- og Breheimen- nasjonalparkar. Opplev kvifor denne statusen…
  • Sogn Folkemuseum : Eit av dei eldste og største folkemusea i landet. Stort friluftsmuseum.
  • Sogn Fjordmuseum : Avdeling for historisk fjordkultur.
  • Bokbyen i Fjærland : Bruktboksal i gamal autentisk sjarmerande bygningsmasse.
  • Feigumfossen :  218 m høgt fall, 30 min til fots frå bilveg.
  • Hove- og Dale- steinkyrkjer : Frå 1170- og 1200-talet. Arkitektur og dekor som må opplevast
  • Sognefjord Akvarium : Fjordsenter med levande artar, aktivitetar, film, galleri.
  • Galleri Walaker : Bevaringsverdig fjøsbygning frå 1883. Gir utstillingane ei særprega ramme.
  • Jostedal Kraftverk : Informativ guida omvisning som syner omdanning av vasskraft til straum.
  • Urnes Gard og Hjortefarm : Du kjem nært på desse dyra rett ved stavkyrkja.
  • Fridtjof den Frøkne :  22 meter høg bronsestatue gitt i gåve frå keisar Wilhelm.

Me tilbyr eit enormt spekter, frå det vakraste og villaste til det mest dramatiske. Dette kan me dele med deg!

Linkar


Me tilbyr eit enormt spekter, frå det vakraste og villaste til det mest dramatiske. Dette kan me dele med deg!